Helseatlas hjarteinfarkt inneheld to delar: 1) ei oppdatering av resultat frå Eldrehelseatlaset med innlegging ved hjarteinfarkt, og revaskularisering og 2) rehabilitering etter akutt hjarteinfarkt.
Rehabilitering i spesialisthelsetenesta er undersøkt på to måtar: 1) aktivitet registrert med rehabiliteringskodar; her kalla standard rehabilitering og 2) standard rehabilitering pluss aktivitet registrert som lærings- og meistringskurs og/eller trening.
Analysane bygger på data frå Norsk pasientregister og Kommunalt pasient- og brukarregister frå perioden 2018-2022.
Hovudfunn
I perioden 2018-2022 fekk berre 14 % av pasientane standard rehabilitering etter akutt hjarteinfarkt i Noreg, trass godt dokumentert effekt av hjarterehabilitering.
Omtrent 1 av 4 pasientar fekk standard rehabilitering, lærings- og meistringskurs (LMS-kurs) eller trening i spesialisthelsetenesta etter akutt hjarteinfarkt. Prosentdelen som fekk rehabilitering etter hjarteinfarkt var tydeleg lågare for pasientar 65 år og eldre.
Det var stor og ugrunna geografisk variasjon i bruk av rehabilitering etter hjarteinfarkt. For dei som fekk rehabilitering varierte både omfang, innhald, organisering og kor lang tid etter infarktet rehabiliteringa starta.
Tal eldre (75 år og eldre) innlagt med akutt hjarteinfarkt har gått ned, trass fleire eldre.
Det var liten geografisk variasjon i tal pasientar innlagt med akutt hjarteinfarkt per 1000 innbyggarar, sett bort frå opptaksområda med høgast og lågast rate.
Det var moderat geografisk variasjon i revaskulariseringsratar for eldre (75 år og eldre), og liten variasjon hos innbyggarane generelt (18 år og eldre).
Som i 2013-2015 var det for eldre (75 år og eldre) ingen samvariasjon mellom innlegging ved akutt hjarteinfarkt og revaskularisering av hjartet. For alle vaksne (18 år og eldre) var samvariasjonen moderat. Det var større geografiske variasjonar i behandlingspraksis for eldre enn for alle vaksne samla.
Vurdering av geografisk variasjon
Vurdering av variasjon i rehabilitering
Type rehabilitering
Tal
Prosentdel
Lågast prosentdel
Høgast prosentdel
FT
FT2
FT3
CV
SCV
SCV2
Standard rehabilitering
1 315
14%
2%
41%
20,5
9,3
6,3
88,0
67,1
45,0
Samla rehabilitering
2 444
26%
9%
46%
5,1
4,5
2,8
41,1
29,5
23,4
Trening hos fysioterapuet
1 635
4%
2%
13%
6,5
4,0
3,5
62,1
18,4
13,8
Vurdering av variasjon i ratar
Indikator
Tal
Rate per 1 000
Lågast rate
Høgast rate
FT
FT2
FT3
CV
SCV
SCV2
Hjarteinfarkt, innlagde pasientar, 18 år og eldre
11 846
2,8
1,7
3,9
2,3
1,6
1,4
17,2
3,4
1,8
Hjarteinfarkt, innlagde pasientar, 75 år og eldre
5 223
12,8
8,9
17,4
2,0
1,6
1,5
17,7
3,9
3,0
Revaskularisering, 18 år og eldre
13 038
3,1
2,0
4,4
2,3
1,6
1,5
18,6
3,3
1,9
Revaskularisering, 75 år og eldre
3 787
9,3
6,8
13,7
2,0
1,8
1,7
22,6
5,0
3,8
For å kunne uttale oss om variasjonen i bruk av tenestene er uønska/uberettiga, har vi sett på bruk av helsetenester opp mot førekomst av hjarteinfarkt /pasientar innlagt for akutt hjarteinfarkt. Større avvik mellom førekomst og bruk av helsetenester indikerer uberettiga variasjon.
Om hjarteinfarkt
Hjarteinfarkt oppstår når blodforsyninga til deler av hjartet vert blokkert, noko som fører til skade på hjartemuskulaturen. Hjarteinfarkt er ein alvorleg tilstand som utviklar seg raskt. Det er derfor viktig å komme tidleg i gang med behandling.
Kvart år blir i underkant av 11 000 nordmenn ramma av akutt hjarteinfarkt, og med ein årleg nedgang på omtrent 3 % sidan 2015 (Årsrapport 202, Norsk hjerteinfarktregister). Hos om lag 25 % av pasientane er ein av koronararteriane heilt tett, ofte på grunn av brist i overflata i eit trongt parti av blodåra, og danning av trombe (blodpropp). Hos dei resterande 75 % av hjarteinfarkta er det er mindre EKG-forandringar, og koronararterien er i dei fleste tilfelle ikkje heilt tett.
I Noreg er det ikkje utarbeida eigne retningslinjer for rehabilitering etter hjarteinfarkt, og ein støttar seg på dei europeiske retningslinjene (Ambrosetti m.fl. 2020 og Visseren m.fl. 2021), samt på Nasjonal fagleg retningslinje for forebygging av hjarte- og karsykdom (Helsedirektoratet).
Pasientar innlagt med hjarteinfarkt
Hovudfunn:
Tal eldre innlagt med akutt hjarteinfarkt har gått ned, trass i fleire eldre.
Rate for innlegging ved hjarteinfarkt var var høgast i opptaksområde Finnmark. Dette viser at førekomsten av hjarteinfarkt er høgare i Finnmark enn i resten av landet.
Den geografiske variasjonen i innleggingar med hjarteinfarkt var liten når vi såg bort frå opptaksområda med høgast (Finnmark) og lågast rate (Diakonhjemmet-området/Oslo vest).
Hjarteinfarktinnlegging, pasientar 18 år og eldre
I Noreg var det 2,8 innleggingar med akutt hjarteinfarkt per 1000 innbyggarar i snitt per år i 2018-2022. Raten gjekk ned i løpet av perioden. Opptaksområde Finnmark hadde tydeleg høgast rate, og Diakonhjemmet-området (Oslo vest) lågast. Elles var det liten geografisk variasjon.
Opptaksområde
Noreg
DiakonhjemmetSørlandetOUSVestfoldSt. OlavBergenVestre VikenAkershusTelemarkInnlandetNoregUNNFørdeMøre og RomsdalLovisenbergHelgelandNordlandStavangerNord-TrøndelagFonnaØstfoldFinnmarkOpptaksområde01234Tal pasientar pr. 1 000 innbyggarar (18 år og eldre)
2018
2019
2020
2021
2022
Knapt 11 900 pasientar blei innlagt med akutt hjarteinfarkt per år i 2018 -2022. To av tre pasientar var menn, og mennene var i gjennomsnitt yngre enn kvinnene (median alder 70 respektive 78 år).
Gjennomsnittleg årsrate for Noreg var 2,8 innleggingar med hjarteinfarkt per 1000 innbyggarar. Raten gjekk ned i perioden 2018–2022, med størst reduksjon i pandemiåret 2020. Nedgangen som er observert over mange år, speglar sannsynlegvis ein reell nedgang i tal personar som blir ramma av hjarteinfarkt (sjå Årsrapport 2021 Norsk hjerteinfarktregister).
Det var ein by-land gradient i ratane; lågast rate i områda med dei største byane. Finnmark-området hadde høgast førekomst, mens Sørlandet- og Diakonhjemmet-områda hadde lågast førekomst av akutt hjarteinfarkt, når vi brukar pasientar innlagt for akutt hjarteinfarkt som indikator for koronar sjuklegheit.
Hjarteinfarkt innlegging, pasientar 75 år og eldre
Det var ein tydeleg reduksjon i tal eldre med hjarteinfarkt i perioden 2018-2022, samanlikna med 2013-2015, trass i at tal eldre er aukande. I 2018-2022 var det ein moderat geografisk variasjon i innleggingsrate for hjarteinfarkt for eldre.
051015Tal pasientar pr. 1 000 innbyggarar (75 år og eldre)
Opptaksområde
Noreg
AkershusBergenFinnmarkFonnaFørdeHelgelandIndre OsloInnlandetMøre og RomsdalNord-TrøndelagNordlandNoregOUSSt. OlavStavangerSørlandetTelemarkUNNVestfoldVestre VikenØstfoldOpptaksområde05101520Tal pasientar pr. 1 000 innbyggarar (75 år og eldre)
2018
2019
2020
2021
2022
Vel 5200 pasientar, 75 år og eldre, blei innlagt med akutt hjarteinfarkt per år, i 2018 -2022. Det var ein tydeleg reduksjon i tal eldre med akutt hjarteinfarkt samanlikna med 2013 – 2015 (6652 pasientar, Eldrehelseatlaset), trass i at tal eldre er aukande (frå 359 928 eldre i snitt per år i 2013-2015 til 409 950 i 2018-2022). Den tydelege reduksjonen i akutt hjarteinfarkt hos eldre blir også vist i Hjerteinfarktregisteret sin årsrapport for 2021
Den geografiske variasjonen i 2018-2022 var moderat. Som i tidlegare analysar (Eldrehelseatlaset) hadde Finnmark-området høgast og Sørlandet-området lågast ratar. Gjennomsnittleg årsrate for Noreg var 12,8 innleggingar for eldre med hjarteinfarkt per 1000 innbyggarar. Årsratane gjekk tydeleg ned i dei fleste opptaksområda i 2018-2022.
Endring i innleggingsrate ved akutt hjarteinfarkt for eldre (75 år og eldre)
For alle opptaksområda var det ein nedgang i rate for innlegging ved akutt hjarteinfarkt for eldre, og størst endring ser vi i opptaksområda til Finnmark, Telemark og Indre Oslo. Endring i rate er illustrert ved å rekne ut forholdstalet mellom gjennomsnittleg årsrate for periodane 2018-2022 og 2013-2015.
Med andre ord var det ein reduksjon i tal akutte hjarteinfarkt, i ein periode der tal eldre auka (frå 359 928 eldre i snitt per år i 2013-2015 til 409 950 i 2018-2022).
Revaskularisering
Den geografiske variasjonen i revaskulariseringsratar var moderat når vi såg isolert på dei eldre (75 år og meir), og liten for innbyggarane generelt.
Innleggingsrate for hjarteinfarkt korrelerte ikkje med revaskulariseringsrate for eldre (75 år og meir). For alle vaksne samla (18 år og meir) var samvariasjonen moderat.
Majoriteten (77 %) av pasientane som blei revaskularisert var menn.
Revaskularisering
Hovudmål for akuttbehandlinga ved hjarteinfarkt er å avgrense skaden på hjartemuskelen ved å opne opp blodkar; revaskularisering. Avhengig av avstand til sjukehus og type infarkt, er det tilrådd at pasientane får blodpropp-oppløysande behandling (trombolyse), perkutan koronar intervensjon (PCI, utblokking) eller bypassoperasjon.
Røntgenundersøking av kransarteriene i hjarta med innsprøyting av kontrastveske, og eventuell mekanisk utblokking av blodkar, blir utført ved ti sjukehus i Noreg. Pasientar kan bli direkte akuttinnlagt i eit slikt «invasivt sjukehus», eller bli overflytta frå andre sjukehus. Ved fem av sjukehusa blir det også utført hjartekirurgi (Årsrapport 2021 Norsk hjerteinfarktregister).
Som i Eldrehelseatlaset inngår ikkje akuttbehandling med trombolyse i analysane, og revaskularisering er ikkje avgrensa til pasientar med hjarteinfarkt.
Revaskularisering for pasientar 18 år og eldre
Den geografiske variasjonen i revaskulariseringsratar var liten for pasientar 18 år og eldre. Det var ein positiv moderat samvariasjon mellom innlegging med akutt hjarteinfarkt og revaskularisering.
01234Tal revaskulariseringar pr. 1 000 innbyggarar (18 år og eldre)
Opptaksområde
Noreg
AkershusBergenDiakonhjemmetFinnmarkFonnaFørdeHelgelandInnlandetLovisenbergMøre og RomsdalNord-TrøndelagNordlandNoregOUSSt. OlavStavangerSørlandetTelemarkUNNVestfoldVestre VikenØstfoldOpptaksområde01234Tal revaskulariseringar pr. 1 000 innbyggarar (18 år og eldre)
2018
2019
2020
2021
2022
Det blei utført 13 038 revaskulariseringar fordelt på 12 252 pasientar i gjennomsnitt per år i 2018 -2022 i aldersgruppa 18 år og eldre. Talet gjeld alle pasientar, ikkje berre pasientar med hjarteinfarkt. Det var flest menn (77 %) som fekk utført revaskularisering av hjarta. Raten for revaskularisering var 3,1 per 1000 innbyggarar for Noreg.
Opptaksområda i Helse Nord hadde høgast rate for revaskularisering, og Diakonhjemmet-området tydeleg lågast. At Finnmark hadde høgast rate for revaskularisering, var venta ut frå at dei også hadde høgast rate for hjarteinfarkt. Det er ein positiv moderat samanheng mellom ratane for innlegging og revaskularisering (r=0,57), og samanhengen er statistisk signifikant (p=0,006) for aldersgruppa 18 år og eldre. Ein positiv samanheng var venta fordi revaskularisering er behandling ved mellom anna hjarteinfarkt. Opptaksområde med høg førekomst av infarkt bør ha høg revaskulariseringsrate.
Den geografiske variasjonen var liten når vi såg bort frå høgast og lågast rate for revaskularisering (FT2=1,6 og SCV2=1,9).
Revaskularisering for pasientar 75 år og eldre
Den geografiske variasjonen i revaskularisering for eldre var moderat. Det var mindre bruk av revaskularisering hos eldre (75 år og eldre), enn hos innbyggarane generelt. Hos eldre var det ingen samvariasjon mellom akutt hjarteinfarkt og revaskularisering.
051015Tal revaskulariseringar pr. 1 000 innbyggarar (75 år og eldre)
Opptaksområde
Noreg
AkershusBergenFinnmarkFonnaFørdeHelgelandIndre OsloInnlandetMøre og RomsdalNord-TrøndelagNordlandNoregOUSSt. OlavStavangerSørlandetTelemarkUNNVestfoldVestre VikenØstfoldOpptaksområde051015Tal revaskulariseringar pr. 1 000 innbyggarar (75 år og eldre)
2018
2019
2020
2021
2022
I snitt blei det gjennomført 3787 revaskulariseringar for eldre (75 år og eldre) per år i 2018-2022, fordelt på 3584 pasientar, og 69 % av pasientane var menn. Tal revaskulariseringar per år var om lag uendra frå 2013-2015 (3403, Eldrehelseatlaset) trass i at tal hjarteinfarkt blei tydeleg redusert. Raten for revaskularisering var 9,3 per 1000 innbyggarar per år for eldre i Noreg (2018-2022).
Revaskulariseringsratane var høgast for eldre frå opptaksområda i Helse Nord. Den geografiske variasjonen kan karakteriserast som moderat (FT2=1,8 og SCV=3,8), og med høgast rate for eldre i opptaksområde UNN og lågast i Indre Oslo. Raten auka tydeleg i Helse Finnmark sitt opptaksområde frå 2019, mens det i 2013-2015 (Eldrehelseatlaset) var ein nedgang.
For nokre delar av landet var ratane for både innlegging og revaskularisering høg– for eksempel for Finnmark. For andre delar av landet var det derimot høg førekomst av hjarteinfarkt og låg revaskulariseringsrate – for eksempel i Nord-Trøndelag. Samvariasjonen mellom ratane for innlegging med hjarteinfarkt og revaskularisering var liten og ikkje statistisk signifikant (r=0,27, p=0,2) – det same såg ein for 2013–2015 (Eldrehelseatlaset).
Den manglande samanhengen mellom ratar for innlegging og revaskularisering, og mindre bruk av revaskularisering for eldre i mange av opptaksområda, kan skuldast ulik praksis, tenestetilbod og prioriteringar. Vi kjenner ikkje til om graden av sjuklegheit hos pasientar med hjarteinfarkt varierte meir hos eldre enn i den samla vaksengruppa (18 år og eldre) der korrelasjonen var moderat.
Endring i revaskulariseringsrate for pasientar 75 år og eldre
Det var inga tydeleg endring i bruk av revaskularisering av hjarta for eldre i Noreg frå 2013-2015 til 2018-2022. Endringa er illustrert ved å rekne ut forholdstalet mellom gjennomsnittleg revaskulariseringsrate per år for periodane 2018-2022 og 2013-2015 (sjå Eldrehelseatlaset). I opptaksområda Nordland og UNN auka likevel raten, mens i Telemark-området blei den redusert.
Rehabilitering
I perioden 2018-2022 fekk berre 14 % av pasientane standard rehabilitering etter akutt hjarteinfarkt i Noreg, trass i godt dokumentert effekt av hjarterehabilitering
26 % av pasientane fekk standard rehabilitering, lærings- og meistringskurs (LMS-kurs) eller trening i spesialisthelsetenesta etter akutt hjarteinfarkt
Det var stor geografisk variasjon i bruk av rehabilitering etter akutt hjarteinfarkt, også dersom LMS-kurs og trening i spesialisthelsetenesta blei inkludert i analysane
Få eldre pasientar fekk rehabilitering etter hjarteinfarkt
Innhald, organisering og oppstartstidspunkt varierte geografisk
Om hjarterehabilitering og helseatlas
Rehabilitering har ein klar sekundærforebyggande effekt på hjarteinfarkt, og med det stor påverknad på både enkeltpersonar og samfunn. Rehabilitering som del av sekundærforebyggande behandling er tilrådd for alle pasientar etter hjarteinfarkt. Rehabiliteringa er kostnadseffektiv, betrar livskvalitet, reduserer risiko for tilbakefall, død og reinnlegging i sjukehus. Forskinga på området er av høgast kvalitet (klasse 1A), og kjem med klare råd (Visseren m. fl. 2021, Ambrosetti m.fl. 2020).
Om dette helseatlaset
Helseatlaset undersøkjer hjarterehabiliteringa som pasienten har fått i tidsperioden frå han blei utskriven frå sjukehus etter akutt hjarteinfarkt og eit halvt år fram i tid.
Aktiviteten i spesialisthelsetenesta koda som rehabilitering med kodane Z50.0 Rehabilitering etter hjertesykdom, Z50.80 Kompleks rehabilitering, Z50.89 Enkel rehabilitering og Z50.9 Behandling som omfatter bruk av uspesifisert rehabiliteringstiltak kallar vi i dette helseatlaset «standard rehabilitering». Ved bruk av desse kodane skal aktiviteten mellom anna vere målretta, planlagde og tverrfaglege. Sjå nærmare om kodekvalitet under drøfting av metode.
For å få eit breiare bilde av tilbodet til pasientane det første halve året etter infarktet, har vi supplert analysar om standard rehabilitering etter hjarteinfarkt med deltaking på Lærings- og meistringskurs (LMS-kurs) og trening i spesialisthelsetenesta, og trening hos fysioterapeut med kommunalt driftstilskot /som har sendt rekning til Helfo. At helsetenestene til pasientane varierer geografisk med tanke på både innhald, varigheit og organisering går også fram av tilbakemeldingar frå praksisfeltet.
Ut frå Hjarteinfarktregisteret sin definisjonen av hjarterehabilitering; «undervisning om hvordan man kan redusere risiko for nytt hjerteinfarkt og tilbud om fysisk trening» (Årsrapport 2022), kan vi forstå at deltaking i LMS-kurs og trening er ein del av hjarterehabiliteringa, og at vi har inkludert LMS-kurs og trening av meir pragmatiske årsaker synest naturleg. I kva grad slike tilbod innfrir føresetnadane for å oppnå resultat av rehabilitering som er grunnlaget for retningslinjene (Visseren m.fl. 2021) er ikkje tilgjengeleg gjennom dataene vi har.
Oppsummering om hjarterehabilitering i helseatlaset
Få pasientar (14 %) deltok i rehabilitering i spesialisthelsetenesta etter akutt hjarteinfarkt i 2018-2021. Om vi inkluderte opplæring og trening auka deltakinga (26 %).
Få eldre fekk rehabilitering etter hjarteinfarkt
Om pasientane med akutt hjarteinfarkt fekk rehabilitering i spesialisthelsetenesta var avhengige av kvar dei budde.
Nokre geografiske område med høg førekomst av hjarteinfarkt, hadde lite bruk av rehabilitering.
Hjarterehabilitering som bygger på forsking av beste kvalitet, er kostnedseffektive og har positive effektar for enkeltpasientar.
Tiltak for å auke omfanget, redusere den geografiske variasjonen og betre kodekvaliteten i hjarterehabiliteringa kan vere utarbeiding og innføring av norske retningslinjer og kvalitetsindikatorar.
Metode
Analyseresultat av hjarterehabilitering vil vere påverka av både korleis vi forstår omgrepet rehabilitering, kva data og metode vi har nytta i analysane og kvaliteten på registrerte data.
Definisjonar og operasjonalisering av omgrepet rehabilitering
Definisjon av rehabilitering kan variere i ulike samanhengar. Vi nemner her kort den forståing av hjarterehabilitering dette helseatlaset bygger på:
"Summen av aktiviteter og intervensjoner som er nødvendig for å sikre fysiske, mentale, og sosiale forhold slik at pasienter med kronisk eller post-akutt hjertesykdom kan komme tilbake til tidligere plass i samfunnet og leve et aktivt liv" (Helsebiblioteket ).
Vidare om innhaldet i rehabiliteringa: "Hjerterehabilitering er sammensatte, langvarige programmer som involverer medisinsk evaluering, forskrivning av fysisk aktivitet, reduksjon av risikofaktorer, undervisning og psykososial støtte. Programmene gjennomføres av et tverrfaglig team med minimum 4 forskjellige yrkesgrupper for enkel rehabilitering og minimum 6 forskjellige yrkesgrupper for kompleks rehabilitering"(Helsebiblioteket ).
Dei Europeiske retningslinjene som ein støttar seg på i Noreg tilrår at tverrfagleg hjarterehabilitering skal omfatte trening, undervising, oppfølging og handtering av livsstil og risikofaktorar samt psykososial støtte (Visseren m.fl. 2021).
Analysane av standard rehabilitering i helseatlaset, bygger på data frå Norsk pasientregister (NPR). I regelverket for innsatsstyrt finansiering (ISF-regelverk 2022, kap. 6.12) blir det stilt krav til bruk av rehabiliteringskodane, mellom anna om tal yrkesgrupper som må involverast. Rehabiliteringsomgrepet blir slik operasjonalisert gjennom Innsatsstyrt finansiering (ISF), samtidig som det er knytt finansiering til rehabiliteringsaktivitetane som innfrir krava og er koda korrekt.
Kvalitetpå koding av rehabilitering
Hovuddatakjelde for analysane av rehabilitering i helseatlaset er Norsk Pasientregister (NPR) som er nasjonalt helseregister som inneheld opplysingar om alle pasientar som har fått rehabilitering i spesialisthelsetenesta i Noreg, både offentlege helsetenester og private som har avtale med det offentlege. NPR er primært utvikla for administrative føremål. I helseatlaset blir opplysingane nytta for å vurdere om det er geografisk variasjon i rehabilitering i eit halvt år etter at pasientane blei akuttinnlagt med hjarteinfarkt.
Ei utfordring knytt til analyse av denne type data, er om kodekvaliteten er god nok. Feil eller manglar på kodinga vil gi feil i skildring av rehabilitering i spesialisthelsetenesta. Det er gjort mykje for å betre og harmonisere kodepraksis, men vi kan ikkje sjå bort frå at det i datasettet vårt er noko feil eller manglar, det vil seie at dataene ikkje gir eit bilde som heilt svarar til kva aktivitet som faktisk er utført.
Helsedirektoratet kommenterer kodekvalitet innan rehabilitering generelt i rapporten "Rehabilitering i spesialisthelsetjenesten 2017-2021". Dei nemner at det kan vere ei underrapportering av poliklinisk- og dag-rehabilitering, men har ikkje undersøkt nærmare omfanget av og korleis dette slår ut. Opphald har tidlegare blitt feilregistrert som døgnopphald i staden for ei rekke polikliniske kontaktar i enkelte helseføretak (Årsrapportar frå 2019 og 2021, Avrekningsutvalet)
Helsedirektoratet omtalar også i rapporten at det dei seinare åra er fleire private som rapporterer inn til NPR, men at det er framleis usikkerheit i kodinga. Analysar av dag- og poliklinisk aktivitet knytt til private rehabiliteringsinstitusjonar må derfor tolkast med forsiktigheit.
For å minimere utfordringa med feil i kodinga, også prosedyrekodar og takstkodar vi har nytta, har vi brukt tid på å tilrettelegge og kvalitetssjekke datasetta frå NPR og KPR, sett oss inn i kodereglane, og vi har snakka med fagpersonar om koding av aktivitetane. Vi har vurdert at resultata inneheld så lite feil som mogleg ut frå tilgjengelege data.
Forløpsanalyse
I helseatlas hjarteinfarkt har vi brukt forløpsanalyse der vi har følgt pasientar med akutt hjarteinfarkt frå utskriving etter hjarteinfarktet og seks månader fram i tid, og undersøkt deltaking i rehabilitering i denne perioden.
Vi har brukt ein snevrare definisjon av pasientar med hjarteinfarkt i analysane knytt til rehabilitering (I21 akutt hjarteinfarkt som hovudtilstand), enn ved analyse av innlegging med hjarteinfarkt (I21 akutt hjarteinfarkt, eller I22 påfølgande hjarteinfarkt, som hovud- eller bitilstand). Analysane av innlegging med hjarteinfarkt er ei oppdatering av analysar i Eldrehelseatlaset, og vi har i dei analysane derfor nytta dei same kodane som i Eldrehelseatlaset. Ved å bruke ein streng definisjon i analysar av rehabilitering etter akutt hjarteinfarkt er vi meir sikre på at vi inkluderer rett pasientgruppe. Vi såg i dataene frå NPR at det meste av rehabiliteringa skjedde etter døgnopphald med I21 (akutt hjarteinfarkt) som hovudtilstand, og ikkje etter opphald med I22 (påfølgande hjarteinfarkt), eller der kodane var nytta som bitilstand. ICD-10 kodane av akutt hjarteinfarkt er funne å ha god kvalitet (Varmdal m.fl. 2021).
Vi fann at 75 % av rehabiliteringsepisodane var gjennomført i løpet av det første halvåret. Ei utviding av perioden ville gitt noko fleire episodar. På den andre sida ville ein forløpsanalyse over ein lengre periode medøfre større usikkerheit med tanke på om rehabiliteringa var knytt til hjarteinfarktet.
Behov for retningslinjer og kvalitetsindikatorar
Den geografiske variasjonen av hjarterehabilitering ser ut frå analysene våre, og informasjon frå fagpersonar frå ulike delar av landet, ut til å vere tilbodsstyrt heller enn behovsstyrt. Vi finn område i Noreg med høg førekomst av hjarteinfarkt, som i Finnmark, men der tilbodet om og bruk av hjarterehabilitering er lite omfattande. Vi vil karakterisere den geografiske variasjonen som uønska, trass i forbeholdet om kodekvalitet. Analysane viser eit underforbruk av rehabilitering etter hjarteinfarkt, og det er behov for tiltak for å betre tilbodet for pasientar etter hjarteinfarkt.
For å kunne oppnå eit meir likeverdig rehabiliteringstilbod uansett kvar ein bur, kan det synast som det er behov for slike nasjonale retningslinjer for rehabilitering etter hjarteinfarkt - og at effektfulle rehabiliteringstilbod blir etablert for pasientar i heile landet. Arbeidet med retningslinjer starta opp i 2023. Også eigne kvalitetsindikatorar kan vere tiltak for å betre omfang og kvalitet på tenestene.
Prosentdel standard rehabilitering etter hjarteinfarkt
Berre 14 % av pasientane fekk standard rehabilitering etter akutt hjarteinfarkt trass svært godt dokumentert effekt av hjarterehabilitering.
Det var svært stor geografisk variasjon i bruk av standard rehabilitering etter akutt hjarteinfarkt. Med standard rehabilitering meinest episodar i spesialisthelsetenesta koda som rehabilitering (z-kodar).
0,0 %10,0 %20,0 %30,0 %40,0 %Prosentdel standard rehabilitering (18 år og eldre)
Opptaksområde
Noreg
AkershusBergenDiakonhjemmetFinnmarkFonnaFørdeHelgelandInnlandetLovisenbergMøre og RomsdalNord-TrøndelagNordlandNoregOUSSt. OlavStavangerSørlandetTelemarkUNNVestfoldVestre VikenØstfoldOpptaksområde0,0 %10,0 %20,0 %30,0 %40,0 %Prosentdel standard rehabilitering (18 år og eldre)
14 % av pasientane fekk standard rehabilitering etter opphald med akutt hjarteinfarkt. Dette er ein svært låg prosentdel - for begge kjønn og alle aldersgrupper - sett opp mot retningslinjene som tilrår at alle med koronar hjartesjukdom får rehabilitering (Visseren m.fl. 2021).
Det var svært stor geografisk variasjon i prosentdel som fekk oppfølging med standard rehabilitering etter akutt hjarteinfarkt. Både forholdstalet mellom, og systematisk variasjonskomponent for opptaksområda med nest høgast og nest lågast prosentdel rehabilitering var høge (FT2=9,3 og SCV2=45). Forholdstal og systematisk variasjonskomponent er brukt som støtte i vurdering av den geografiske variasjonen. Pasientar frå opptaksområdet til Vestfold hadde størst sannsynlegheit for å få standard rehabilitering, og 41 % fekk slik oppfølging i snitt per år i 2018-2022. Frå heile ni av opptaksområda fekk 5 % eller færre standard rehabilitering etter akutt hjarteinfarkt.
Det var regionale skilnader i bruk av standard rehabilitering, og med tydeleg lågast prosentdel deltaking i Helse Nord (4 %) og høgast i Helse Sør-Øst (16 %).
Mellom opptaksområda til helseføretaka i same helseregion, varierte også bruk av standard rehabilitering. I Helse Sør-Øst hadde opptaksområde Vestfold høgast prosentdel som fekk slik rehabilitering, mens opptaksområda Østfold og Telemark hadde lågast i landet. Tilsvarande var det innanfor Helse Vest; høg prosentdel deltaking i Bergen-området, og låg i Stavanger-området. I Helse Midt-Norge var prosentdelen systematisk høgast for pasientar frå Helse Møre og Romsdal sitt opptaksområde.
Omfanget i bruk av standard rehabilitering varierte svært mykje. I opptaksområdet til OUS blei det registrert i snitt 15 episodar per pasient og for Noreg 6,5 episodar per pasient for dei av pasientane som fekk standard rehabilitering. I nokre av opptaksområda blei det registrert svært få rehabiliteringsepisodar per pasient, noko som både kan bety eit lite utbygt tilbod, men også gi mistanke om mangelfull koding av standard rehabilitering etter akutt hjarteinfarkt. I rapporten "Rehabilitering i spesialisthelsetjenesten 2017-2021" nemner også Helsedirektoratetat at det kan vere underrapportering av diagnosekodar for rehabilitering (z-kodar) i dag- og poliklinikk i sjukehus.
Det var skilnader i type standard rehabilitering, sett ut frå slik aktivitetane blei koda. For Noreg sett under eitt var det meste av aktiviteten poliklinisk rehabilitering, registrert med Z50.9. At hjarterehabilitering i hovudsak skjer poliklinisk samsvarar med fagpersonar si skildring av praksisfeltet.
Koden for rehabilitering etter hjartesjukdom, Z50.0, blei lite nytta, med nokre få unntak (Fonna-, Stavanger-, Finnmark- og UNN-områda). Kva som er forklaringa til dette er ikkje undersøkt. At analysane i helseatlaset bygger på eit breiare sett med kodar enn berre Z50.0, synest derfor som vesentleg når vi skulle setje lys på hjarterehabilitering.
I fleire område med låg prosentdel standard rehabilitering etter akutt hjarteinfarkt, mellom anna opptaksområda Helgeland og Østfold, viste det seg at mykje av aktiviteten skjedde som døgnopphald, koda ved Z50.80 (kompleks rehabilitering) og Z50.89 (enkel rehabilitering).
Ved samanlikning mellom regionane, var det i Helse Nord fleire episodar koda med Z50.80 eller Z50.89 samanlikna med andre regionar. Funnet indikerer relativt større bruk av døgnopphald i landsdelen, noko som verkar sannsynleg på grunn av lange reiseavstandar ved deltaking i poliklinisk eller dag-rehabilitering.
Tal dagar før oppstart av standard rehabilitering etter akutt hjarteinfarkt, varierte også. Det var ein tendens til tidlegare oppstart med standard rehabilitering i sentrale strøk på austlandet, og til seinare oppstart etter hjarteinfarkt nord i landet. Omtrent halvparten av pasientane frå opptaksområda til Diakonhjemmet (Oslo vest) og Vestfold starta standard rehabilitering ein månad etter utskriving frå akuttopphaldet, mens i Stavanger- og Nordland-områda kom omtrent halvparten i gang først etter fire månader. For Noreg (raud strek) hadde halvparten av pasientane starta standard rehabilitering etter 53 dagar.
Analysane som gjeld standard rehabilitering bygger på kodar for rehabilitering (z-kodar). Det er uttalte krav for at eit tilbod skal kallast rehabilitering, og for å bruke ein slik rehabiliteringskode. Mellom anna skal det utarbeidast ein plan for kvar pasient, og fleire yrkesgrupper skal vere involvert (sjå ISF-regelverk 2022). Sjølv om noko av forklaringa til låg bruk av standard rehabilitering etter hjarteinfarkt kan skuldast underrapportering av z-diagnosekodar, synest det likevel som om at standard rehabilitering etter hjarteinfarkt er eit lite utbygt tilbod i Noreg. Inntrykket av eit lite utbygt tilbod for standard hjarterehabilitering i Noreg, får vi også gjennom kontakt med fagpersonar.
Prosentdel rehabilitering etter hjarteinfarkt
Ein av fire pasientar fekk rehabilitering etter akutt hjarteinfarkt når både standard rehabilitering, deltaking på lærings- og meistringskurs (LMS-kurs) og trening i spesialisthelsetenesta inngjekk i analysane. Den geografiske variasjonen var stor. Hjarteinfarktpasientar som fekk rehabilitering var relativt unge.
0,0 %10,0 %20,0 %30,0 %40,0 %50,0 %Prosentdel rehabilitering (18 år og eldre)
Opptaksområde
Noreg
AkershusBergenDiakonhjemmetFinnmarkFonnaFørdeHelgelandInnlandetLovisenbergMøre og RomsdalNordlandNord-TrøndelagNoregOUSSt. OlavStavangerSørlandetTelemarkUNNVestfoldVestre VikenØstfoldOpptaksområde0,0 %10,0 %20,0 %30,0 %40,0 %50,0 %Prosentdel rehabilitering (18 år og eldre)
2018
2019
2020
2021
68 % av pasientane med akutt hjarteinfarkt var menn. Gjennomsnittsalderen for menn var 68 år og for kvinner 74 år.
26 % av pasientane fekk rehabilitering etter akutt hjarteinfarkt dersom vi inkluderte både standard rehabilitering, deltaking på lærings- og meistringskurs (LMS-kurs) og trening i spesialisthelsetenesta i analysane. I pandemiåret 2020 var prosentdelen lågast. I berre eit fåtal av opptaksområda var rehabiliteringa tilbake til eit «før-pandemi-nivå» i 2021. Lite hjarterehabilitering i 2020 skuldast i hovudsak nedstenginga i samband med pandemien (Helsdirektoratet 2022).
Deltaking i rehabilitering varierte frå 9 % til 46 % mellom opptaksområda til helseføretaka, og få pasientar frå Finnmark fekk rehabilitering, trass i høg førekomst av hjarteinfarkt. Høgast prosentdel var det i opptaksområda med dei største byane. Den geografiske variasjonen kan karakteriserast som systematisk og stor (FT2=4,5 og SCV2=23,4).
Eit liknande omfang av deltaking i rehabilitering blei også avdekka i ei undersøking av hjarterehabilitering etter første gongs PCI (Olsen m. fl. 2018). Av dei som deltok i studien (82 % av alle med første gongs PCI i 2008-2011) hadde 28 % deltatt i hjarterehabilitering. Gjennom studien fann ein liknande trekk som i våre analysar, også i geografisk variasjon med lågast deltaking i hjarterehabilitering i Helse Nord og høgast i Helse Sør-Øst. Sjølv om både pasientutval, oppfølgingstid (3 år versus våre 6 månader) og bruk av ulike metodar (dei spørjeskjema, vi data frå NPR), styrkar deira resultat våre funn om låg deltaking og stor geografisk variasjon i hjarterehabilitering i Noreg.
Høgast prosentdel pasientar som fekk rehabilitering etter hjarteinfarkt fann vi i opptaksområda til OUS, Vestfold og Diakonhjemmet. Mens det i Vestfold-området var ein relativt stor prosentdel som fekk standard rehabilitering, var det for dei to områda i Oslo registrert lite standard rehabilitering, men ein relativt større del med deltaking på LMS-kurs og trening.
For pasientar 65 år og meir var det ein tydeleg reduksjon i prosentdel pasientar som fekk standard rehabilitering, LMS-kurs og/eller trening etter hjarteinfarkt. At hjartepasientar i Noreg som får rehabilitering er relativt unge, er vist også tidlegare (Olsen m. fl. 2018). Dette står i kontrast til tilrådingar om rehabilitering i alle aldrar (Ambrosetti m.fl. 2020). At eldre med større sannsyn har meir samansette problem og anna risikoprofil enn yngre, er argument for at spesialisthelsetenesta bør ta ansvar for rehabilitering etter hjarteinfarkt også hos eldre.
Prosentdel kvinner (20 %) som fekk rehabilitering, var lågare enn for menn (30 %). Dette er kjent også frå andre analysar (Visseren m. fl. 2021). At kvinnene i våre analysar var noko eldre enn menn, og at eldre i mindre grad får rehabilitering, kan vere ei av forklaringane til dette funnet.
For pasientar som fekk rehabilitering, varierte det geografisk kor mange rehabiliteringsepisodar dei fekk første halvår etter akutt hjarteinfarkt. For pasientar frå opptaksområda til Helse Bergen og Sykehuset Østfold fekk pasientane i snitt 10 episodar rehabilitering, og for Noreg 7. Inkludert i desse analysane er både episodar med standard rehabilitering, LMS-kurs og/eller- trening i spesialisthelsetenesta.
Det meste av rehabiliteringa skjedde i det offentlege, og for Noreg samla skjedde 86 % av rehabiliteringsepisodane der. Høgast prosentdel private var i Oslo med 71 % i OUS-området, deretter 42 % i Stavanger-området.
I dei fleste opptaksområda var tal rehabiliteringsepisodar per pasient høgast i det offentlege. Det var likevel ein del kontrastar i landet med 7 gonger fleire episodar per pasient i det private enn i det offentlege i opptaksområde OUS, og motsatt 9 gonger fleire episodar per pasient i det offentlege i opptaksområde Møre og Romsdal. Med privat meinest her private institusjonar med avtale med det regionale helseføretaket.
Prosentvis fordeling av type rehabiliteringstiltak etter hjarteinfarkt; standard rehabilitering, opplæring og/eller trening, varierte mellom ulike delar av landet sett ut frå koding av aktivitetane. For Noreg samla var berre 60 % av episodane koda som standard rehabilitering (koda med Z-kodar), varierande frå 5 til 96 % mellom opptaksområda), og opplæring på LMS-kurs utgjorde 10 %.
Fysisk trening var ein sentral del av rehabiliteringa etter akutt hjarteinfarkt. Trening blei enten registrert som enkeltepisodar (31 % av episodane var berre trening), inngjekk som del av LMS-kurset eller inngjekk i den standard rehabiliteringsepisoden. Sjølv om trening er ein kjernekomponent er retningslinjene likevel tydelege på at effekten frå eit hjarterehabiliteringsprogram er avhengig av deltaking i heile det tverrfaglege programmet, ikkje berre i den fysiske treninga (Dibben m. fl. 2023 og Visseren m.fl. 2021).
I nokre opptaksområde var standard rehabilitering i hovudsak koda som døgnopphald (Helgeland og Østfold). Elles var det tilsynelatande lite rehabilitering etter hjarteinfarkt. Når vi inkluderte LMS-kurs og trening i analysane fann vi at pasientane likevel hadde eit tilbod etter hjarteinfarkt.
At både type tiltak og omfanget av tilbod varierte geografisk samsvarar med resultat frå tidlegare undersøkingar av rehabilitering og sekundærførebyggande tiltak i sjukehus (Peersen m. fl. 2017,Peersen m. fl. 2021 og Olsen m. fl. 2018).
Tal dagar til oppstart av rehabilitering (standard rehabilitering, LMS-kurs og/eller trening) varierte mykje mellom opptaksområda. Skilnaden var likevel noko mindre enn for standard rehabilitering åleine. Halvparten av pasientane i fleire av opptaksområda i Oslo og rundt Oslofjorden starta rehabiliteringa omtrent ein månad etter utskriving frå akuttopphaldet. I opptaksområda i Helse Nord og Stavanger starta rehabiliteringa omtrent tre månader etter hjarteinfarkt. For Noreg (raud strek) hadde halvparten av pasientane starta rehabiliteringa først etter 50 dagar. Dette trass i at retningslinjene tilrår oppstart så snart som mogleg etter hjarteinfarktet (Visseren m.fl. 2021).
Det kan vere fleire forklaringar til at få deltek i rehabilitering etter hjarteinfarkt. Det ligg utanfor helseatlaset å undersøke dette, men vi vil kort nemne nokre moment. Tilvisingsrutinar, tilgjengeligheit, reiseavstandar, kapasitet, kor godt tilbodet er bygt ut, pasientpreferansar, kjennskap til eksisterande tilbod og kjennskap til pasientar med behov for rehabilitering kan variere, slik vi forstår ut frå kontakt med fagpersonar, og som blir trekt fram i forskingsartiklar (Peersen m. fl. 2021,Olsen m. fl. 2018 og Piepoli m.fl. 2016).
I siste årsrapport løftar Hjerteinfarktregisteret (2022) fram at kun halvparten av dei som svarte på spørsmål frå registeret, rapporterte at dei hadde blitt henvist til hjarterehabilitering, definert som "undervisning om hvordan man kan redusere risiko for nytt hjerteinfarkt og tilbud om fysisk trening". Også i tilvisinga var det store regionale skilnader frå 37 % i Helse Vest til 64 % i Helse Sør-Øst, noko som kan påverke deltakingsprosenten i hjarterehabiliteringa. I retningslinjene blir det tilrådd å finne metodar for å auke tilvising og deltaking i hjarterehabiliteringa, dette for at flest mogleg skal få nytte tilbod som har ein klar helse- og samfunnsgevinst (Visseren m.fl. 2021).
Trening hos fysioterapeut i kommunane
4 % av pasientane trente hos fysioterapeut i kommunane det første halvåret etter akutt hjarteinfarkt i 2018-2021. Det var stor geografisk variasjon i trening hos fysioterapeut.
Prosentdel trening hos fysioterapeut etter hjarteinfarkt
Det var stort geografisk variasjon i prosentdel pasientar som fekk trening hos fysioterapeut i kommunane. Utrekninga bygger på innsende rekningar til Helfo.
0,0 %5,0 %10,0 %Prosentdel trening hos fysioterapeut (18 år og eldre)
Opptaksområde
Noreg
AkershusBergenFinnmarkFonnaFørdeHelgelandIndre OsloInnlandetMøre og RomsdalNord-TrøndelagNordlandNoregOUSSt. OlavStavangerSørlandetTelemarkUNNVestfoldVestre VikenØstfoldOpptaksområde0,0 %5,0 %10,0 %Prosentdel trening hos fysioterapeut (18 år og eldre)
4 % av pasientane trente hos fysioterapeut i kommunane det første halvåret etter akutt hjarteinfarkt i 2018-2021, vurdert ut frå informasjon frå fysioterapeutar som har sendt rekning til Helfo.
Det var svært stor geografisk variasjon i prosentdel pasientar som trente hos fysioterapeut i kommunane etter akutt hjarteinfarkt i 2018-2021. Prosentdelen varierte frå 13 % i opptaksområde Stavanger til 2 % i Indre Oslo.
I Stavangerområdet er det eit veletablert samarbeid mellom spesialisthelsetenesta og kommunale fysioterapeutar innan hjartetrening. I dette opptaksområdet var bruk av standard rehabilitering, Lærings- og meistrings-kurs og trening i spesialisthelsetenesta svært lågt.
Andre opptaksområde med lite bruk av rehabilitering i spesialisthelsetenesta, for eksempel Finnmark og Helgeland, hadde liten bruk også av trening hos fysioterapeut i kommunane etter akutt hjarteinfarkt.
Vi er likevel ikkje kjent med totaltilbodet pasientane fekk i kommunane; her inngår berre trening hos fysioterapeutar som har sendt rekning til Helfo. Informasjon om trening hos fastlønna fysioterapeutar i kommunane som ikkje sender rekning til Helfo, trening eller andre tilbod ved frisklivssentralar eller i kommunale institusjonar, finst per i dag ikkje i datasetta frå KPR som desse analysane bygger på. Analysane bygger på små tal, og kan vere påverka av tilfeldigheiter.
Om atlaset
Datagrunnlaget
Helseatlas hjarteinfarkt bygger på opplysingar utlevert frå Helsedirektoratet ved Norsk pasientregister (NPR) og Kommunalt pasient- og brukerregister (KPR) for perioden 2018 til 2022.
Frå KPR er det henta informasjon om trening hos fysioterapeut for pasienter etter akutt hjarteinfarkt. Andre analysar bygger på informasjon frå NPR.
Tal innbyggarar er henta frå SSB.
Fråskriving
Helse Førde er aleine ansvarleg for tolking og presentasjon av data som er utleverte. NPR og KPR har ikkje ansvar for analysar eller tolkingar som er basert på data dei har levert ut.
Inndeling i opptaksområde
Dei fire regionale helseføretaka har eit lovpålagt sørge-for-ansvar for å tilby innbyggarane tilbod i spesialisthelsetenesta, og tilbodet skal vere likeverdig uansett kvar ein bur (Lov om spesialisthelsetenesta). I vurdering av geografisk variasjon av innbyggarane sin bruk av helsetenester, er landet derfor inndelt etter helseføretaka sine opptaksområde.
Analysane i helseatlas blir gjennomført ut frå kva opptaksområde pasienten bur i, og ikkje ut frå kvar han eller ho fekk behandling. Innbyggarane i dei ulike opptaksområda har ulik alders- og kjønnssamansetjing. Ratane i atlaset er derfor alders- og kjønnsjusterte for å kunne samanlikne meir homogene grupper sin bruk av helsetenester, enn utan slik justering. Dersom informasjon om kva kommune pasienten budde i mangla i datasetta, blei pasienten ekskludert frå analysane. Gjennom analysane kan dei regionale helseføretaka danne seg eit bilde av korleis sørge-for-ansvaret blir innfridd.
Informasjon om inndeling i opptaksområde, tal innbyggarar og median alder på innbyggarane (2020) som er brukt i dette atlaset finn de nedanfor.
Lista under viser kva for helseføretak eller sjukehus det er definert opptaksområde for og kortnamna på desse, som blir brukt i atlaset. Kva for kommunar og bydelar som høyrer til kvart opptaksområde finn du her.
Opptaksområda til Diakonhjemmet sykehus og Lovisenberg diakonale sykehus (dvs. bydelar i Oslo) er slått saman til eitt område; Indre Oslo, der resultat frå 2018–2022 blir samanlikna med Eldrehelseatlaset (2013–2015), og i analysar som gjeld trening hos fysioterapeut på grunn av få pasientar.
Opptaksområde for
Kortnavn
Finnmarkssykehuset HF
Finnmark
Universitetssykehuset i Nord-Norge HF
UNN
Nordlandssykehuset HF
Nordland
Helgelandssykehuset HF
Helgeland
Helse Nord-Trøndelag HF
Nord-Trøndelag
St. Olavs hospital HF
St. Olav
Helse Møre og Romsdal HF
Møre og Romsdal
Helse Førde HF
Førde
Helse Bergen HF
Bergen
Helse Fonna HF
Fonna
Helse Stavanger HF
Stavanger
Sykehuset Østfold HF
Østfold
Akershus universitetssykehus HF
Akershus
Oslo universitetssykehus HF
OUS
Lovisenberg diakonale sykehus
Lovisenberg
Diakonhjemmet sykehus
Diakonhjemmet
Sykehuset Innlandet HF
Innlandet
Vestre Viken HF
Vestre Viken
Sykehuset i Vestfold HF
Vestfold
Sykehuset Telemark HF
Telemark
Sørlandet sykehus HF
Sørlandet
Ressursgruppe
Helseatlas hjarteinfarkt er utarbeida i samarbeid med ei ressursgruppe beståande av:
Torstein Hole, spesialist i indremedisin og hjertesykdommer, dr. med., Helse Møre og Romsdal, NTNU
Charlotte B. Ingul, spesialist i indremedisin og hjertesykdommer, dr. med., St. Olavs hospital, NTNU, Nord Universitet
Tove Johansen, analytiker, SKDE
John Munkhaugen, spesialist i indremedisin og hjertesykdommer, dr. med., Drammen sykehus, UiO
Tone Merete Norekvål, PhD, forskningsgruppeleiar Hjerteavdelingen, Haukeland universitetssjukehus, professor Universitetet i Bergen og Høgskulen på Vestlandet
Barthold Vonen, direktør, SKDE
Gjennom prosjektperioden har vi vore i kontakt med fagmiljø og -personar i ulike delar av landet. Dette for å sikre oss at analyseresultata kan gi eit best mogleg bilde av praksis.
Takk for bidrag med å gjere atlaset praksisnært og relevant.
Helseatlaset er utarbeida av Helse Førde HF ved Marte Bale, Haji Kedir Bedane, Maria Holsen, Knut Ivar Osvoll og Oddne Skrede.
Har du spørsmål?
Ved spørsmål eller kommentarar, ta kontakt med helseatlastenesta i Helse Førde HF gjennom post@helse-forde.no