Helseatlas fedme

Fedme er ein kronisk sjukdom og oppfølging frå helsevesenet bør skje regelmessig og over lang tid. Vi har undersøkt pasientar med fedme sin bruk av spesialisthelsetenester; både kirurgi, livsstilsbehandling i rehabiliteringsinstitusjonar og poliklinikk, samt pasientane sin kontakt med allmennlegar. Analysane viser store geografiske variasjonar i bruk av helsetenestene for perioden 2018-2022.

Hovudfunn

Hovudfunn

  • Det er stor geografisk variasjon i behandling av pasientar med fedme. Det er ikkje områda med høgast førekomst som har høgast forbruk; variasjonen i bruk av helsetenester er ubegrunna
  • Det er geografisk variasjon i kva tilbod som blir gitt som behandling for fedme. Medan enkelte opptaksområde har høg bruk av kirurgisk behandling, har andre opptaksområde høge ratar for poliklinikk
  • Talet på konsultasjonar hos allmennlegane har auka sterkt i heile landet i 2021 og 2022

IndikatorTalRate per 10000Lågast rateHøgast rateFTFT2FT3CVSCV2
Overordna pasientutval52415123,2511963,92,21,8258,1
Pasientrate, poliklinikk2354856211155,53,42359
Kontaktrate, poliklinikk84774200715898,34,53,15618
Rate for operasjonar15753,70,76,7103,83,342>100
Pasientrate, allmennlegar3822090351283,62,21,82411
Kontaktrate, allmennlegar1029452411053603,82,322523

Variasjonsmåla som er nytta, er forskjellen mellom høgaste og lågaste rate (FT), forskjellen mellom nest høgaste og nest lågaste rate (FT2), forskjellen mellom tredje høgaste og tredje lågaste rate (FT3), variasjonskoeffisient (CV) og systematisk variasjonskomponent (SCV2). For ei nærare forklaring av desse, viser vi til Helseatlas for psykisk helsevern og rusbehandling.

For å kunne uttale oss om variasjonen i bruk av tenestene er uønska/uberettiga, har vi sett på bruk av helsetenester opp mot førekomst av fedme. Større avvik mellom førekomst og bruk av helsetenester indikerer uberettiga variasjon.

Pasientar med fedme

  • Kvart år var i gjennomsnitt 52 415 pasientar med fedme i kontakt med helsetenestene. Det var stor og ubegrunna geografisk variasjon i tal pasientar per 10 000 innbyggarar som hadde slik kontakt
  • Prosentdelen av pasientane som berre hadde kontakt med spesialisthelsetenesta i løpet av eit år, varierte mellom 19 og 38 % mellom opptaksområda

Fedme er ein kronisk sjukdom med kroppsmasseindeks (KMI) på 30 kg/m2 (vekt i kilo/høgde i meter2) eller meir, og er ei av dei største helseutfordringane i verda. Fedme oppstår i eit komplekst samspel mellom biologiske, psykologiske, sosiale og miljømessige faktorar, og sjukdommen krev livslang behandling. Levemåten i vår tid, med stillesitting og lett tilgang på kaloririk mat, men også hormonelle forhold og arv, påverkar vektauken.

Fedme gir auka risiko for ei rekke andre sjukdommar mellom anna diabetes type 2, høgt blodtrykk, hjarte-karsjukdommar, kreft, søvnapné og belastningslidingar. Fedme er også assosiert med auka risiko for psykiske lidingar og redusert livskvalitet.

KMI er viktig for å kartlegge risiko for framtidig fedmerelatert følgesjukdom. Ein skil mellom fedme (KMI 30-39,9 utan følgesjukdommar) og alvorleg fedme (KMI ≥ 40, eller ≥ 35 med følgesjukdom) som er forbunde med særleg høg risiko for nedsett helse. Etter nasjonal fagleg retningslinje bør personar med KMI over 35 tilbydast behandling.

Omtrent kvar femte nordmann fedme (EUROSTAT, 2022; Helsedirektoratet; 2011). Noreg er framleis eitt av landa i Europa med lågast førekomst av fedme, men prosentdelen aukar i Noreg på lik linje med resten av dei europeiske landa (EUROSTAT, 2022).

Det finst ikkje undersøkingar på landsbasis for førekomst av fedme, men spesielt to indikatorar gir anslag som er gode tilnærmingar; den eine er vekta til gravide kvinner, og den andre er vekta kandidatar til verneplikt oppgir ved Sesjon 1. Sesjon 1 er spørjeskjemaet kandidatar til verneplikt fyller ut i forkant av deltaking i førstegongstenesta. Dette er begge indikatorar som viser vekta til høgst avgrensa kjønns- og alderskohortar, og det må takast atterhald om at slike indikatorar i avgrensa grad anslår andelen av pasientar som treng behandling for fedme. Indikatorane har sin styrke ved høg dekningsgrad samt standardiserte målemetodar. Begge desse indikatorane er samanfallande med andre kjelder for førekomst. Korrelasjonen mellom overvekt for personar over 18 år mot personar under 18 år er til dømes stor (r = 0,85; p<0,001) basert på data frå land verda rundt (OECD og WHO 2020).

Data for gravide kvinner er ikkje fullstendige, og vi vel i likskap med FHI (2022) å bruke vekta til vernepliktige ved Sesjon 1 som grunnlag for å illustrere geografisk variasjon av overvekt og fedme. Vi finn at korrelasjonen mellom desse to indikatorane på fylkesnivå er stor (r = 0,90; p<0,001).

Figuren over viser gjennomsnittet av tre års glidande gjennomsnitt i andelen av vernepliktige som rapporterer overvekt eller fedme, i perioden frå 2018 til 2022. Data er basert på tal på kommunenivå, frå Kommunehelsa statistikkbank (FHI), aggregert til opptaksområdenivå med folketalet i kommunane som vekter. Ettersom data ikkje var tilgjengelege for bydelane, er tal for Oslo rekna ut på fylkesnivå.

Som vi ser av figuren, er det betydelege skilnadar i prosentdel vernepliktige med overvekt eller fedme. Andelen er rundt dobbelt så høg blant vernepliktige heimehøyrande i Finnmark opptaksområde, samanlikna med vernepliktige i Oslo. Tala liknar dei frå andre kjelder (Tidsskriftet, 2007;SSB, 2016). Øvrige opptaksområde i Helse Nord har òg høge andelar, medan dei fleste andre opptaksområda er i nærleiken av landssnittet. Saman med Oslo er det i opptaksområda med dei større byane låge prosentdelar av vernepliktige med fedme; både Vestre Viken, Stavanger, Bergen og St. Olavs opptaksområde har prosentdelar rundt 20.

Ikkje-kirurgisk behandling/livsstilsbehandling skal hjelpe pasienten med å gjennomføre endringar i levemåte og oppretthalde gode kost- og aktivitetsvanar, og den bygger på tre hovudsøyler: fysisk aktivitet, ernæring og meistringspsykologi. Livsstilsbehandling er basis for all vektreduserande behandling - også før og etter vektreduserande kirurgi, eller saman med medikamentell behandling. Endring i levemåte kan ha helsegevinst også utan vektreduksjon, for eksempel betre livskvalitet, førebygging av diabetes og hjarte- og karsjukdom.

Pasientane får Ikkje-kirurgisk/livsstilsbehandling både i sjukehus, ved private rehabiliteringsinstitusjonar og hjå allmennlege.

Figuren viser talet pasientar som i gjennomsnitt var i behandling kvart år, inndelt etter alder og kjønn. Rundt to tredjedelar av pasientane i behandling er kvinner, men blant pasientane over 57 år er ikkje kjønnsforskjellen stor. Pasientar som mottek behandling er i all hovudsak i 30-, 40- og 50-årsalderen.

I 2018-2022 var i snitt 52 415 pasientar med fedme i kontakt med allmennlegetenesta og/eller spesialisthelsetenesta per år i Noreg. 2/3 av pasientane var kvinner. Gjennomsnittsalderen for kvinner var 45 år, og for menn 49 år.

Det var stor geografisk variasjon i tal pasientar per 10 000 innbyggarar, vurdert ut frå opptaksområda med nest høgast og nest lågast rate (FT2=2,2 og SCV2= 8,1). Raten var tydeleg høgast i opptaksområda til Vestfold og Østfold, med pasientratar på nær 200 pasientar per 10 000 innbyggarar per år, og lågast i Oslo- og Stavangerområdet med mindre enn 100.

Eit mindretal av pasientane (rundt 27 % per år) hadde kontakt berre med spesialisthelsetenesta i løpet av eit år. Prosentdelen varierte mykje mellom opptaksområda; lågast prosentdel i opptaksområde Stavanger (19 %) og høgast i opptaksområde Bergen (38 %) – ein stor variasjon innanfor Helse Vest -området. Innan dei regionale helseføretaksområda elles varierte prosentdelen minst i Helse Nord og Helse Midt-Norge. 73 % av pasientane hadde hovudsakleg oppfølging hos allmennlege, eller hos allmennlege parallelt med spesialisthelsetenesta.

Førekomst av fedme var høgast i Finnmark og Helgeland når informasjon om overvekt og fedme, sjølvrapportert ved sesjon 1, blir brukt som proxy på førekomsten (kommunehelsa statistikkbank Kommunehelsa (fhi.no). I desse to opptaksområda var prosentdelen med overvekt eller fedme på høvesvis 32 og 29,5 %. Lågast prosentdel med fedme og overvekt var det i opptaksområda med dei største byane, og lågast i Oslo med 16,5 %.

Når vi ser ratar for pasientar som har hatt kontakt med helsetenestene opp mot førekomst av fedme, ser vi at opptaksområde Finnmark både har høg førekomst og høg pasientrate, tilsvarande har opptaksområda Stavanger og Oslo låge verdiar. Moglege forklaringar til høg pasientrate, men låg førekomst som i opptaksområde Vestfold, kan vere lågare terskel for å oppsøke helsetenestene, eller at tilbodet er større og meir tilgjengeleg.

Bruk av tilstandskodar for fedme og overvekt femner breitt av omsyn til varierande alvorsgrad (sjå avsnitt Overordna pasientutval avslutningsvis i atlaset); denne føresetnaden inkluderer nok òg ein del personar som ikkje treng behandling, då alvorsgraden av sjukdommen kan vere låg. Nasjonale faglege retningslinjer (Helsedirektoratet, 2011) tilrår at pasientar med KMI over 35 blir tilbydne behandling, og ein del av pasientane i utvalet har lågare KMI enn dette. Fedme er ein sterkare risikofaktor for følgjesjukdommar ved høgare KMI. Eit visst atterhald bør takast i tolkinga av behandlingsnivå opp mot førekomst av fedme.

Fedmekirurgi

Hovudfunn

  • Omtrent 2000 vart opererte ved offentlege sjukehus i 2018, medan talet var i kvart av åra 2020-2022 på rundt 1300
  • Det er særleg stor geografisk variasjon i bruk av fedmekirurgi. Variasjonen synest å vere påverka av tilbodet om operasjon, og ikkje av førekomst av fedme
  • I Helse Nord vert rundt ein fjerdedel opererte i eit anna opptaksområde enn sitt eige, medan personar i øvrige regionar i liten grad vert opererte i andre opptaksområde

Kirurgisk behandling er den mest effektive måten å hjelpe pasientar med alvorleg fedme til å gå ned i vekt, oppretthalde vektreduksjonen over tid og minske risiko for og førekomst av andre sjukdommar. Det finst fleire ulike typar kirurgiske inngrep. Etter ein fedmeoperasjon har pasientane behov for oppfølging både hos allmennlege og i spesialisthelsetenesta.

Operasjon kan bli aktuelt dersom pasienten ikkje har lukkast med vektreduksjon på annan måte. Vurdering av eventuell operasjon blir gjort i spesialisthelsetenesta.

Rundt to tredjedelar av pasientane som blir opererte er kvinner, og prosentdelen er såleis omtrent den same som pasientutvalet generelt. Samanlikna med same gruppe er det færre i den yngste aldersgruppa og over 58 år som mottek behandling. Talet pasientar i 30-, 40- og 50-åra er ganske likt. Eit særs lågt tal personar over 68 blir opererte, og talet personar er ikkje vist i figuren då tala er små.

I gjennomsnitt blei 1578 pasientar opererte for fedme per år i perioden 2018-2022. 73 % av pasientane var kvinner. Gjennomsnittsalder var 42 år for kvinner, og 45 år for menn.

Det var ein nedgang i tal fedmeoperasjonar i perioden; frå 1996 til 1280. Nedgangen var størst i 2020, pandemiåret, med ein 32 % nedgang frå året før. Dette er ein stor nedgang, og større enn for anna kirurgi under pandemien (Rapport: Ett år inn i koronapandemien, 2021 ett-ar-inn-i-koronapandemien.pdf (helse-nord.no)). I tillegg til operasjonar utført i det offentlege, kjem operasjonar utført i private sjukehus. Private sjukehus rapporterer ikkje til NPR, og desse operasjonane er ikkje med i atlaset. Ifølgje Norsk kvalitetsregister for fedmekirurgi (2022) vart 36 % av pasientane opererte hjå private sjukehus i 2022. Eit ukjent, men truleg ikkje ubetydeleg tal pasientar vart òg opererte ved sjukehus i utlandet.

Den geografiske variasjonen i tal fedmeoperasjonar per 10 000 innbyggarar var systematisk og særleg stor. Opptaksområda til Nord-Trøndelag og Innlandet hadde høgast operasjonsratar på høvesvis 6,7 og 6,6 i snitt per år. Innan Helse Midt-Norge var det tydelege kontrastar i operasjonsratar med systematisk lågare ratar for opptaksområda St. Olav og Møre og Romsdal samanlikna med Nord-Trøndelag. Opptaksområde Diakonhjemmet hadde lågast rate (0,7 operasjonar per 10 000 innbyggarar), og tydeleg lågare rate enn dei andre opptaksområda i Oslo.

Analysar per helseregion viste høgast operasjonsrate i opptaksområdet Helse Vest, mens førekomsten av fedme og overvekt var høgast i opptaksområda i Helse Nord.

Ein del pasientar mottar kirurgisk behandling i eit anna opptaksområde (HF) enn sitt eige. I Helse Nord vert rundt 25% opererte i eit anna opptaksområde enn sitt eige, medan denne andelen er særs låg i opptaksområda i dei øvrige regionale helseføretaka.

At ein del pasientar vert opererte andre stadar, skuldast lågt operasjonsvolum med tilhøyrande lang forløpstid for operasjon i eige føretak. Dei regionale skilnadane, viser eit liknande mønster som analysar frå 2012-2016 (notat «Offentlig fedmekirurgi i Norge", SKDE), men andelen opererte i anna opptaksområde enn Helse Nord har gått ned i åra fram mot perioden 2018-2022.

Poliklinikk

  • Årleg mottek rundt 23 500 personar poliklinisk behandling for fedme i spesialisthelsetenesta. Med totalt 85 000 kontaktar mottek i gjennomsnitt kvar pasient 3,6 polikliniske kontaktar årleg
  • Den geografiske variasjonen i tal pasientar i poliklinisk behandling er særleg stor. Vestfold skil seg ut med spesielt høgt tal pasientar i behandling i høve innbyggartalet. Stavanger og Diakonhjemmet opptaksområde har langt lågare tal pasientar enn andre, men tal kontaktar per pasient er ikkje markant lågare
  • I tillegg til Østfold og Lovisenberg hadde helseføretaka i Helse Nord ein andel e-konsultasjonar over 30 %. Innlandet og Sørlandet hadde under 10 %
  • I gjennomsnitt var 22,6 % av polikliniske kontaktar e-konsultasjonar, på landsbasis. Dette utgjer 19 300 konsultasjonar årleg

Rundt 23 500 personar er i poliklinisk behandling for fedme kvart år, i gjennomsnitt. Det er stor geografisk variasjon i raten for pasientar med poliklinisk kontakt (FT2=3,4, SCV2=9).

Vestfold har spesielt høgt tal pasientar i høve innbyggartalet; meir enn fem gonger så stor prosentdel av innbyggarane i Vestfold er i poliklinisk behandling for fedme, samanlikna med Stavanger og Diakonhjemmet opptaksområde. Det er òg mange opptaksområde som skil seg mykje frå landsraten, sjølv når vi ser vekk frå desse tre; Østfold, Telemark og Finnmark har rundt dobbelt så mange pasientar med poliklinisk kontakt kvart år som innbyggarane i Lovisenberg, Akershus, OUS og Fonna.

Dei store forskjellane i tal pasientar i poliklinikk verkar i avgrensa grad rettvis ut frå førekomst av fedme; dei høge ratane i Vestfold, Østfold og Telemark kan ikkje forklarast ut frå førekomst, men verkar bestemt etter omfanget i det polikliniske tilbodet. Medan låg førekomst gjer låge ratar i opptaksområda i Oslo-området rettvis, verkar pasientraten i Stavanger lågare enn kva førekomst kan gjere rimeleg; talet pasientar i høve innbyggartalet er under halvparten av landsraten, og øvrig behandling og tenestenivå er heller ikkje spesielt høgt.

I poliklinisk behandling er forskjellane mellom kjønna større enn ved dei øvrige behandlingsformene. Talet kvinner som mottek behandling er omtrent like høgt i aldersgruppene 30-, 40- og 50-åra, medan talet på menn er jamnt aukande fram til rundt 60 år.

Innhaldet i poliklinisk behandling kan variere; både førebuing til og oppfølging etter kirurgi, intervensjonar knytt til endring av levevanar, og gjeld både pasientar som er, og som ikkje er opererte. Med utstrekt bruk av prosedyrekodar er det mogleg å seie noko nærare om forskjellar mellom opptaksområda i korleis behandlinga blir gitt. Tilbakemeldingar frå enkelte av poliklinikkane er imidlertid at forventningane om bruk av slike kodar er uklare. Vi vurderer at prosedyrekodar ikkje gir tilstrekkeleg identifikasjon av søylene innanfor livsstilsbehandling.

I perioden 2018 – 2022 hadde i snitt per år 23 548 pasientar med fedme poliklinisk kontakt, fordelt på rundt 85 000 kontaktar. Det var stor geografisk variasjon i poliklinisk kontaktrate, også sett bort frå nest høgast og nest lågast rate (FT2=4,5). Tydeleg høgast poliklinisk kontaktrate fann vi i opptaksområde Vestfold med i snitt 589 kontaktar per 10 000 innbyggarar, per år. I opptaksområda Stavanger og Diakonhjemmet var ratane under 80.

Den polikliniske aktiviteten per år endra ikkje seg på same måte som kirurgien, der det var ein nedgang i pandemiåret 2020. I Oslo-områda var poliklinikkratane relativt stabile i heile perioden. I fleire delar av landet endra ratane seg, men utan eit tydeleg felles mønster for opptaksområda.

I gjennomsnitt fekk pasientar med fedme 3,6 polikliniske kontaktar per år i perioden 2018-2022. Det er jamt over ein klar samanheng mellom tal kontaktar per pasient og kontaktrate; til dømes har Vestfold eit tal kontaktar per pasient på 5,1, som er høgast i landet, medan Fonna, Førde og Helgeland er mellom opptaksområda med lågast kontaktar per pasient. Enkelte opptaksområde har eit tal polikliniske kontaktar per pasient som er skil seg frå dette: Møre og Romsdal, Bergen og Finnmark har forholdsvis lågt tal kontaktar pasient, med høvesvis 2,1, 2,7 og 3,1. I den andre enden av skalaen har Diakonhjemmet, Lovisenberg og Vestre Viken høvesvis 3,7, 3,8 og 4,3 polikliniske kontaktar per pasient, som er høgt sett i forhold til kontaktraten.

E-konsultasjon - konsultasjon ved bruk av video eller telefon - kan vere eit godt alternativ til ordinær poliklinisk konsultasjon ved behandling av kjent tilstand. Bruk av e-konsultasjonar vil redusere reisetid og kostnad for pasient og helsevesen. For pasientar med fedme, synest det som om e-konsultasjonar blir nytta – og gjerne i oppfølging ved endring av levevanar (personleg overlevering).

Det er tilrådd at minst 15 % av konsultasjonane skal vere elektroniske. I løpet av alle tre åra var 22,6 % av polikliniske kontaktar i spesialisthelsetenesta e-konsultasjonar, på landsbasis. Dette utgjer 19 300 konsultasjonar årleg.

Etter pandemiåret 2020 gjekk prosentdelen e-konsultasjonar ned i mange opptaksområde, typisk i dei mest tettbygde områda. I andre opptaksområde; både Førde og områda i Helse Nord har høg bruk av e-konsultasjonar halde fram også etter pandemien, noko som er i tråd med oppdraget frå Helse- og omsorgsdepartementet (2020).

Det er store geografiske forskjellar i andelen e-konsultasjonar; i Østfold, Lovisenberg og opptaksområda i Helse Nord er andelen på 30-50 %, medan den er under 10 % i Innlandet og Sørlandet. I Helse Nord vert e-konsultasjonar nytta i stor utstrekning på grunn av at mange av pasientane har lang reiseveg til sjukehus.

Etter pandemien er prosentdel e-konsultasjonar redusert i 11 av 21 helseføretak; opptaksområda i Osloregionen, samt St. Olavs, Ahus og Vestfold, har redusert bruken markant. For øvrige opptaksområde er det anten stabile andelar, eller auke.

Poliklinikk og kirurgi

Pasientar med fedme frå ulike opptaksområde får eit noko ulikt behandling- og oppfølgjingstilbod ved sjukehusa. I opptaksområda Vestfold, og til dels Telemark og Østfold får innbyggarane eit meir omfattande tilbod enn i andre delar av landet, med rate for poliklinikk som er høgare enn landsraten. I opptaksområda i Helse Vest, Innlandet og Nord-Trøndelag er operasjonsratane relativt høge, men med låg bruk av poliklinikk.

I opptaksområda i Oslo var ratane lågare enn landsratane; dei heimehøyrande i både Diakonhjemmet, Lovisenberg og OUS opptaksområde har dei lågaste ratane for operasjon i landet, samtidig som bruk av poliklinikk òg er lågt i landssamanheng.

Som vist tidlegare, har Oslo klart lågare førekomst av fedme i befolkninga, og den lågare aktiviteten vi ser i behandling verkar såleis rettvis. Ettersom vi ikkje har tal for førekomst for kvart av opptaksområda i Oslo-området, kan vi ikkje seie noko nærare om skilnadane vi ser mellom desse.

Det verkar å vere ein negativ samvariasjon mellom operasjonsraten og raten for poliklinikk, for dei øvrige opptaksområda; ingen av opptaksområda som har høge ratar for operasjonar har høge ratar for poliklinikk, eller omvendt. Dette indikerer ulik behandlingspraksis i spesialisthelsetenesta.

Livsstilsbehandling i rehabiliteringsinstitusjonar

Ei rekkje private rehabiliteringsinstitusjonar tilbyr spesialistbistand i behandling av fedme. Opphald ved rehabiliteringsinstitusjonar vert brukt som supplement til aktivitet ved poliklinikk i nokre delar av landet. Opphalda i institusjonane er gjerne av ei varigheit på to eller tre veker om gangen. Ein del av institusjonane tilbyr òg dagopphald. Innhaldet og lengde av opphalda varierer noko mellom institusjonane, men inneheld opplæring i ernæring samt fysisk aktivitet som grunnsteinar.

Det var betydeleg geografisk variasjon i prosentdelen av personar som var til behandling i private rehabiliteringsinstitusjonar.

I perioden 2018-2020 fekk i snitt per år 2633 pasientar livstilsbehandling i private rehabiliteringsinstitusjonar. 66 % av pasientane var kvinner. Gjennomsnittsalder var på respektive 47 og 49 år hos kvinner og menn. Tal pasientar per år gjekk ned med omtrent 500 i løpet av perioden. Også prosentdel pasientar av alle med fedme som fekk slik behandling var lågare i 2020, samanlikna med dei to førre åra.

Bruk av private institusjonar for livsstilsbehandling varierte geografisk. Høgast prosentdel fann vi for opptaksområda Møre og Romsdal og Nordland med respektive 22 og 18 prosent. Tilsvarande låge prosentar fann vi i Vestfold og Telemark – område med relativt høge polikliniske ratar.

Møre og Romsdal har på si side relativt låg poliklinisk rate, og det kan synast som om pasientane her heller får eit tilbod hos private enn i poliklinikk på sjukehus. Det skal òg merkast at Møre og Romsdal har forholdsvis høg rate for behandling hjå allmennlegar. I opptaksområda til Finnmark, Helgeland og UNN er førekomsten av fedme høg, som i Nordland. For dei tre opptaksområda fekk ein låg prosentdel livsstilsbehandling i private rehabiliteringsinstitusjonar.

Det er av interesse å studere geografiske skilnader i innhaldet i behandling - dette kan skildre innhaldet i intervensjonar retta mot levevanar som kosthald, fysisk aktivitet og meistringsstrategiar. Det er imidlertid skilnader i spesifisitet i koding, og desse er større enn skilnader i praksis; medan enkelte behandlingsstader kodar med eit breitt spekter, kodar andre med langt færre prosedyrekodar for praksis som ikkje verkar veldig ulik. Vi vurderer difor at dei geografiske forskjellane i innhaldet ikkje kan vurderast, og konsentrerar oss meir overordna om andel pasientar som var til behandling ved rehabiliteringsinstitusjonar.

Allmennlegetenesta

  • Svært stor auke i både tal pasientar med fedme og konsultasjonar hos allmennlege frå 2018 til 2022
  • Stor geografisk variasjon i bruk av allmennlegetenesta
  • Dei same områda med høg bruk av spesialisthelsetenester, har også høg bruk av allmennlegetenester

Allmennlegen har eit særskilt ansvar for å identifisere risikopasientar, sette i gang individretta tiltak og koordinere oppfølginga av dei som treng førebygging av helseplager i kommunehelsetenesta.

Behandling blir oftast organisert som ei rekke konsultasjonar hjå allmennlege. Behandling ved fedme er i første omgang endring av kosthald for vektreduksjon (3-6 månader), og med aukande grad av fysisk aktivitet for vektstabilisering. Allmennlegen har ansvar for oppfølging ved medikamentell behandling, og vurderer også kven som bør tilvisast spesialisthelsetenesta.

Medikamentell behandling kan vere aktuelt dersom pasienten ikkje når behandlingsmålet sitt med livsstilsbehandling åleine.

Medikamenta aukar mettheitskjensla og har berre verknad saman med lågt kaloriinntak og aktiv livsstil. Medikamentell behandling er kostbar for pasientane, og det er ei livslang behandling. Slik behandling har blitt brukt i ein del år, men etter 2020 har slik behandling blitt langt meir vanleg ettersom nyare medikament har langt betre effekt enn dei tidlegare.

Analysar av geografisk variasjon i medikamentell behandling ved fedme er ikkje inkludert i helseatlaset på grunn av at medikamentell behandling hadde for lite omfang i starten av analyseperioden 2018-2022 til at vi kan uttale oss sikkert om den geografiske variasjonen i behandlingsmåten.

Talet pasientar som hadde ein eller fleire kontaktar hjå almennlegar er klart størst i 30-, 40- og 50-åra. Talet pasientar er gradvis aukande opp til rundt 57 år for både menn og kvinner.

Tal pasientar med fedme i allmennlegetenesta auka frå omtrent 24 000 i 2018 til nær 60 000 i 2022 - som er nær ei tredobling og ein svært stor auke, fordelt på alle opptaksområda. 64 % av pasientane var kvinner. Gjennomsnittsalderen for kvinner og menn var på respektive 47 og 49 år.

Den geografiske variasjonen i pasientratar, rekna ut frå gjennomsnittsratane for perioden, var systematisk og stor (FT2= 2,2 og SCV= 11). Vestfold hadde høgast ratar med 131 pasientar per 10 000 innbyggarar i snitt per år. Opptaksområda i Oslo og i Helse Vest hadde lågast ratar, og tydeleg lågast rate hadde Diakonhjemmet-området (37 pasientar per 10 000 innbyggarar).

I perioden 2018 – 2022 auka tal konsultasjonar hos allmennlegane svært sterkt i alle opptaksområda. Auken var særleg stor i 2021 og 2022. For Noreg auka raten frå 130 konsultasjonar per 10 000 innbyggarar i 2018 til 428 i 2022, noko som er meir enn ei tredobling av landsraten. Den største auken finn vi i opptaksområda i Fonna, Bergen og Diakonhjemmet. Gjennomsnittleg tal konsultasjonar hos allmennlege per år var 2,7 for Noreg, varierande frå 2,4 til 2,8 i opptaksområda.

Gjennomsnittleg årsrate for konsultasjon hos allmennlegane varierte mykje mellom opptaksområda i 2018-2022 (FT2=2,3 og SCV=23). Den geografiske variasjonen var relativt stabil gjennom heile perioden. Opptaksområda Vestfold og Diakonhjemmet hadde høgast og lågast ratar med respektive 360 og 105 konsultasjonar per 10 000 innbyggarar. Opptaksområda med høgast førekomst av fedme (Finnmark, Helgeland, UNN og Nordland) hadde ikkje den venta høgaste bruk av allmennlege, og den geografiske variasjonen må karakteriserast som uønska.

Den sterke aktivitetsauken hjå allmennlegar må sjåast i samanheng med auka bruk av medikamentell behandling. Dei siste åra har nye medikament blitt lanserte, med langt betre effekt enn dei tidlegare brukte medikamenta. Medikamenta er blitt populære trass i at dei er kostbare for pasientane. Vi har ikkje brukt data frå reseptregisteret; slike data kan gje meir spesifikke analysar av aktivitet med medikamentell behandling.

Ein frisklivssentral er ein tilrådd, men ikkje-lovpålagt måte å organisere den førebyggande helsetenesta på i kommunane (Veileder for kommunale frisklivssentraler). Den skal tilby kunnskapsbasert og effektiv hjelp til å endre levevanar og meistre sjukdom og helseplager. Målgruppa er personar med sjukdom eller auka risiko for sjukdom, som treng hjelp til å endre levevaner og meistre sjukdom. Deltaking i frisklivssentralar skal, på lik linje med anna helsehjelp, journalførast.

60 prosent av kommunane i Noreg har denne helsetenesta (Frisklivssentraler 2019). Fagpersonar i spesialisthelsetenesta vi har vore i kontakt med i utvikling av atlaset, fortel at dei tilrår pasientar med fedme oppfølging ved frisklivssentralane. Det har likevel ikkje vore mogleg å få oversikt over pasientane sin bruk av tenestene, fordi det per i dag ikkje finst kodeverk som er tilpassa registrering av aktiviteten. Vi har derfor ikkje relevante aktivitetsdata frå Kommunalt pasient- og brukarregister (KPR).

Pasientar hos allmennlege og i spesialisthelsetenesta

Ser vi på aktivitet i poliklinikk og allmennlegetenesta saman, kan det teikne seg eit bilete av den totale bruken av konsultasjonar, og korleis denne er geografisk fordelt. I opptaksområda i Oslo-området og Helse Vest var konsultasjonsratane gjennomgåande lågare enn landssnittet, noko vi òg ser for poliklinikkane. Berre i Osloområdet kan denne forklarast ved lågare førekomst av fedme. Vestfold og Østfold har høg konsultasjonsrate hjå allmennlege, slik dei òg har høg poliklinisk kontaktrate - men raten for konsultasjonar hjå allmennlege er ikkje så markant høgare. Det verkar likevel å vere ein tendens mot at opptaksområda som har høge ratar for poliklinikk, òg har høge ratar for konsultasjonar hjå allmennlege.

Medan variasjonen i ratar er særleg stor både for poliklinikk og hjå allmennlegar, skil desse seg frå kvarandre når det gjeld tal kontaktar/konsultasjonar per pasient: Medan den går frå 2,1 til 5,1 for poliklinikk, er lågaste tal konsultasjonar per pasient i året frå 2,4 i Bergen, medan ei rekkje opptaksområde har det høgaste talet på 2,8. Tal konsultasjonar per pasient hjå allmennlegane har såleis låg geografisk variasjon - og den er uvanleg låg, samanlikna med tala i andre atlaspublikasjonar på somatiske område.

Som vi såg tidlegare, har Helgeland høg førekomst av fedme i nasjonal målestokk, men forholdsvis låge ratar for både operasjonar og poliklinikk. Konsultasjonsraten hjå allmennlege er ved landsraten. Opptaksområdet særmerker seg såleis med eit misforhold mellom førekomst og aktivitet. Om ikkje med så tydelege trekk, så verkar Stavanger og Ahus aktuelle i diskusjon av underforbruk. Desse har førekomst av fedme på landssnittet, eller noko under, og ein konsultasjonsrate hjå allmennlegar ved eller under landsraten. Stavanger har eit tal polikliniske kontaktar som er under halvparten av landsraten, og har i tillegg låg konsultasjonsrate hjå allmennlegar.

Tradisjonell livsstilsbehandling i spesialisthelsetesta har, i motsetnad til kirurgisk behandling, hatt nokså avgrensa effekt i form av vektreduksjon. Nyare medikament har derimot vist dramatisk betra resultat i form av vektreduksjon, i kombinasjon med livsstilsendring (Rubino et. al, 2022). Det er venta at utstrekt bruk av medikament vil gje god behandling for fedme for ein stor del av pasientgruppa, og at dette kan redusere behovet for fedmekirurgi. Såleis er medikamentell behandling venta å redusere bruk av spesialisthelsetenester for pasientar med fedme.

Ein verknad av auka tal konsultasjonar hjå allmennlegar er at behandlinga skjer meir desentralisert, noko som vil påverke den tilbodsdrivne delen av aktiviteten. I analysane ser vi store geografiske skilnader i kva tilbod som blir gitt. Ettersom medikamentell behandling er ei meir einsidig behandlingsform ventar vi mindre utslag av den organisatoriske faktoren i behandling etter kvart som ein større del av pasientane mottek slik behandling. Førekomst seier lite om rett nivå av bruk av helsetenester, men skilnadar i førekomst bør vere ein av dei primære fastsetjarane av behov, og såleis fastsetjande for geografiske skilnader i bruk.

Om atlaset

Helseatlas fedme bygger på opplysingar utlevert frå Helsedirektoratet ved Norsk pasientregister (NPR) og Kommunalt pasient- og brukerregister (KPR) for perioden 2018 til 2022.

Frå KPR er det henta informasjon om pasientar med fedme og/eller overvekt, og konsultasjon hos allmennlege. Andre analysar bygger på informasjon frå NPR.

Tal innbyggarar er henta frå SSB.

Fråskriving

Helse Førde er aleine ansvarleg for tolking og presentasjon av data som er utleverte. NPR og KPR har ikkje ansvar for analysar eller tolkingar som er basert på data dei har levert ut.

Vi nyttar tilstandskode E66 eller Z98.0 (frå kodeverk ICD-10) med underkategoriar som inklusjonskriterie for pasientar med fedme frå spesialisthelsetenesta (NPR). Frå kommunehelsetenesta (KPR) nyttar vi T82 som eit tilsvarande inklusjonskriterie for fedme, men òg T83 (begge frå kodeverket ICPC-2), ettersom denne diagnosekoden blir brukt i stor utstrekning utan klare føringar ift. KMI.

Pasientar er inkluderte med fedme som kronisk sjukdom. Vi inkluderer pasientar i utvalet dersom dei har minst tre kontaktar på tre ulike dagar i enten spesialisthelsetenesta eller kommunehelsetenesta, i løpet av åra frå 2018 til og med 2022. Minst ein av desse tre kontaktane må ha E66, T82 eller T83 som hovudtilstand. Grunngjevinga er eit forsøk på å auke sannsynet for at pasientane rettmessig har sjukdommen; oppfølgjing skal skje jamnleg for pasientar med kroniske sjukdommar.

Ein verknad av inklusjonskriterie som spenner over fleire år i analysar av årlege data, er at det tenderer mot inklusjon av færre pasientar i det første og det siste året, sjølv om aktiviteten skulle vere like høg i desse åra som i dei andre. Dette vil gje eit lite utslag i dei årlege ratane. Effekten er imidlertid antatt å vere uavhengig av pasientane sin bustad og vil ikkje påverke konklusjonane rundt geografisk variasjon.

Berre ein del av pasientar med registrert overvekt eller fedme i løpet av femårsperioden, får jamnleg oppfølging for sjukdommen. Av pasientane som har registert overvekt eller fedme som hovud- eller bitilstand i anten spesialisthelsetenesta eller hjå allmennlegar i femårsperioden, er rundt 43% inkludert i pasientutvalet. Dette er ein langt lågare andel enn liknande analysar har vist for andre kroniske tilstandar (SDKE, 2022), men vi veit at ein stor del av personar med fedme ikkje mottek behandling for sjukdommen: Over 20% av befolkninga, altså over 800 000 nordmenn har fedme, og rundt 28% av desse er registrert med fedme som hovud- eller bitilstand i femårsperioden.

Dei fire regionale helseføretaka har eit lovpålagt sørge-for-ansvar for å tilby innbyggarane tilbod i spesialisthelsetenesta, og tilbodet skal vere likeverdig uansett kvar ein bur (Lov om spesialisthelsetenesta). I vurdering av geografisk variasjon av innbyggarane sin bruk av helsetenester, er landet derfor inndelt etter helseføretaka sine opptaksområde.

Analysane i helseatlas blir gjennomført ut frå kva opptaksområde pasienten bur i, og ikkje ut frå kvar han eller ho fekk behandling. Innbyggarane i dei ulike opptaksområda har ulik alders- og kjønnssamansetjing. Ratane i atlaset er derfor alders- og kjønnsjusterte for å kunne samanlikne meir homogene grupper sin bruk av helsetenester, enn utan slik justering. Dersom informasjon om kva kommune pasienten budde i mangla i datasetta, blei pasienten ekskludert frå analysane. Gjennom analysane kan dei regionale helseføretaka danne seg eit bilde av korleis sørge-for-ansvaret blir innfridd.

Informasjon om inndeling i opptaksområde, tal innbyggarar og median-alder på innbyggarane (2020) som er brukt i dette atlaset finn de nedanfor:

Tal innbyggarar i 2020
Figur: Tal innbyggarar i 2020

Lista under viser kva for helseføretak eller sjukehus det er definert opptaksområde for og kortnamna på desse, som blir brukt i atlaset. Kva for kommunar og bydelar som høyrer til kvart opptaksområde finn du her.

RHFOpptaksområde forKortnavn
Helse NordFinnmarkssykehuset HFFinnmark
Universitetssykehuset i Nord-Norge HFUNN
Nordlandssykehuset HFNordland
Helgelandssykehuset HFHelgeland
Helse Midt-NorgeHelse Nord-Trøndelag HFNord-Trøndelag
St. Olavs hospital HFSt. Olavs
Helse Møre og Romsdal HFMøre og Romsdal
Helse VestHelse Førde HFFørde
Helse Bergen HFBergen
Helse Fonna HFFonna
Helse Stavanger HFStavanger
Helse Sør-ØstSykehuset Østfold HFØstfold
Akershus universitetssykehus HFAkershus
Oslo universitetssykehus HFOUS
Lovisenberg diakonale sykehusLovisenberg
Diakonhjemmet sykehusDiakonhjemmet
Sykehuset Innlandet HFInnlandet
Vestre Viken HFVestre Viken
Sykehuset i Vestfold HFVestfold
Sykehuset Telemark HFTelemark
Sørlandet sykehus HFSørlandet

Helseatlas fedme er utarbeida av Helse Førde i samarbeid med ei ressursgruppe beståande av

  • John Roger Andersen, professor, Helse Førde/HVL
  • Mari Mette Graff, brukarrepresentant, Landsforeninga for overvektige
  • Tove Johansen, analytikar, SKDE
  • Jørn Vegard Sagen, dr.med., spesialist i medisinsk biokjemi, avdelingsoverlege/avdelingssjef og professor, Helse Bergen/UIB
  • Eva Stensland, fag- og forskingssjef/seksjonsleder forskingsseksjonen, SKDE
  • Normund Rolleiv Svoen, fastlege/PKO, Kinn kommune/Helse Førde
  • Barthold Vonen, direktør SKDE
  • Villy Våge, overlege PhD, leiar SOReg Norge (Norsk kvalitetsregister i fedmekirurgi), Helse Bergen,
  • Eva Aarskog, brukarrepresentant, Landsforeninga for overvektige

Gjennom prosjektperioden har vi vore i kontakt med fagmiljø og -personar i ulike delar av landet. Dette for å sikre oss at analyseresultata kan gi eit best mogleg bilde av praksis.

Takk for bidrag med å gjere atlaset praksisnært og relevant.

Helseatlaset er utarbeida av Helse Førde HF ved Oddne Skrede, Marte Bale, Haji Kedir Bedane, Maria Holsen og Knut Ivar Osvoll.

Har du spørsmål?

Ved spørsmål eller kommentarar, ta kontakt med helseatlastenesta i Helse Førde HF gjennom post@helse-forde.no