I hovudanalysane til helseatlas i ortopedi går opptaksområda til Lovisenberg Diakonale Sykehus og Diakonhjemmet sykehus saman med opptaksområdet til Oslo universitetssykehus (OUS) til eitt felles buområde med OUS som kortnamn. Resultat frå hovudanalysane er vist i rapporten, på faktaark og på det interaktive kartet. Definisjon av OUS sitt buområde slik det er brukt i hovudanalysane finn de her. Som tilleggsinformasjon har vi splitta buområde OUS, og analysert forbruksratar (tal operasjonar eller innleggingar per 100 000 innbyggarar) for kvart av dei tre områda:
- OUS med bydelar tilhøyrande Oslo universitetssykehus sitt opptaksområde (Sagene, Nordre Aker, Bjerke, Østensjø, Nordstrand, Søndre Nordstrand, Marka)
- Lovisenberg med bydelar tilhøyrande Lovisenberg Diakonale Sykehus sitt opptaksområde (Gamle Oslo, Grünerløkka, St. Hanshaugen, Sentrum)
- Diakonhjemmet: med bydelar tilhøyrande Diakonhjemmet sykehus sitt opptaksområde (Frogner, Ullern, Vestre Aker)
De finn resultat frå denne tilleggsanalysen ved å laste ned PDF fila (tilleggsrapport for OUS). Bydelane Grorud, Stovner og Alna i Oslo er knytt til Ahus, og er derfor ikkje med i denne oppdelinga.